
Gisle Harr: Sofie
Gisle Harr: Sofie
Kunstnarar
I løpet av 2018 - 2028 vil 10 forskjellige biletkunstnarar arbeide på Heidal skule.
Dei som blir inviterte har stor kunstnarisk erfaring, og er alle aktive på den norske samtidskunstscena.
Sidan prosjektet går over 10 år, blir det avgjort undervegs kven som skal delta. Valet av kunstnarar vil blant anna vere påverka av kor gamle elevane er og, kva slags retning prosjektet tek.
Kunstnarane vel sjølve korleis- og kva dei vil arbeide med i periodane dei er på skulen, berre dei involverer elevane og lærarane i arbeidet sitt.
Kvart kunstnaropphald blir avslutta med ei utstilling, og kunstnarane vil etterlate seg spor og verk frå opphaldet.
Slik vil Heidal skule få ei samling med samtidskunst som reflekterer prosjektet og kunstnarane sitt nærvær på skulen og Heidal.
Heimesida og lista over kunstnarar blir oppdatert.
-
2022 - 2023: Anna Sigmond Gudmundsdottir
Anna Sigmond Gudmundsdottir er målar. Ho arbeider i store format og har dei siste åra vore både festspeutstillar og laga store utsmykkingar. Anna er ein av drivarane av Kunstarena Harpefoss.


Dag 4: Arbeid med strek og utprøving av korleis eit fellesarbeid eventuelt vil bli.


-
2020 - 2022: Anna Daniell
Kunstnaren som følgjer elevane gjennom 3. og 4. klasse frå hausten 2020 er Anna Daniell.
Daniell arbeider med skulptur, performance, film og tekst.

Med arbeidstittelen "Ein skulptur til og fra Heidal" arbeider Anna og elevane med kva ein skulptur kan vere, kor kunsten bur, objekt, form, storleik og samanhenger.
Dei har fått donert objekt frå lokalt næringsliv og forskjellige lokallag, og dette skal brukast av Anna og elevane i det vidare arbeidet med skulpturen Kunsthall Heidal. Ein permanent betongskulptur som skal setjast opp langs vegen ved fotballbana i september 2022.



Frå atelieret.
Undervegsutstilling på skulen oktober 2021
Anna og elevane har vore produktive, og på denne felles undervegsutstillinga fekk dei andre på skulen eit møte med prosjektet og kva kunst kan vere. Utstillinga stod oppe kun ein dag.
Fyrste kunstnar ut er Gisle Harr som følgjer klassa gjennom 1. og 2. klasse.
Gisle Harr arbeider med skulptur og måleri på ein dokumentaristisk måte. Han tolkar menneska og samfunnet rundt seg, og tematiserer rollene og forma som møtet mellom desse tek.
Gisle Harr: Sofie
Gisle Harr: Turist
Gisle Harr har i perioda han jobba på Heidal skule, fortsatt sitt arbeid med iscenesett skulptur og måleri.
Han måla bilete frå skulen og bygda, brukte elevane som modellar og lot dei få følgje arbeidet hans i atelieret.
Han har valte å gje elevane kunnskap om grunnleggjande modellerings- og teikneteknikkar.
Gisle Harr er ein dyktig pedagog, og meistringsnivået vart høgt. Elevane laga dyreskulpturar, byster og ein ledda skulptur av "nokon dei er glad i" og hus i papp som scenografi til desse skulpturane.


_JPG.jpg)
Avsluttande utstilling på skulen oktober 2020
Gisle Harr sitt opphald vart avslutta med ei utstilling på skulen 13.oktober til 6. november 2020. Her fekk vi sjå vi sjå skulpturar og måleri han laga i løpet av dei ni vekene han budde og jobba i Heidal. Elevane sine arbeid vart vist vist saman med Gisle Harr sine verk.
Utstillinga var open i skuletida for elevane, og open for alle andre tysdagar og torsdagar på kveldstid.
«Utstillingen består hovedsakelig av portrettskulpturer og malerier av hverdagsmotiver og landskap fra mine besøk i Heidal i perioden 2019-20. Jeg har tatt utgangspunkt i miljøet på Heidal skule og brukt elever, lærere og ansatte som modeller. I tillegg har jeg hentet motiver fra de stedene jeg har bodd under oppholdene i Heidal; Bakketun og Søre Harildstad.
Skulpturportrettene; byster og skulpturer i helfigur, er modellert i leire, siden støpt i gips og i noen tilfelle malt polykrome med akrylfarger.
Maleriene er studier i akryl og akvarell. De vises som egne verk men også som kulisser for enkeltskulpturer.
I tillegg viser jeg dagboknotater i form av tekst, tegning og foto, samt en tredimensjonal modell.
Elevene viser skulpturarbeider og tegninger vi jobbet med i løpet av perioden.»
Enkeltverk av kunstnaren er innkjøpt som fast installasjon/utsmykking på skulen.
-
2024 - 2028: Diverse kunstnarar
Enno ikkje bestemt.
Lista blir oppdatert etterkvart.