top of page

Bildegalleri

7.- 8. klasse 2024 - 2025, med Ina Eriksen.

Oppstart av prosjektet med ein studietur i oktober for å møte Ina i Oslo. Møte med kunstnarar, atelierbesøk, arkitektur og offentlege skulpturar, omvisning på Nasjonalmuseet og Haustutstillinga.

Og sosialt sjølvsagt!

Første kveld: eit måltid og så ein tur ned på nye Deichman.

Dag 2: Eit møte på atelieret og eit lite lydprosjekt i Sofienbergparken saman med biletkunstnar og lydkunstnar Yngvild Færøy. Kva slags lydar kan vi høyre i parken? Kan dei beskrivast?

Ein liten tur gjennom byen før vi møter biletkunstnar Kari Britt Kjerschow på atelieret, og får prøve å måle med eggetempera.

IMG_1191.JPG

Dag 3 med Ina på Nasjonalmuseet. Kunst frå antikken, romantikken, norsk realisme, modernisme og samtidskunst. Elevane fekk prøve seg i Urskogen Silva og leite seg fram på eigenhand etter kjente verk.

IMG_1285.JPG
IMG_1484.JPG

Dag 4. Møte Ina og Iver på Tjuvholmen. Kunst i offentleg rom, (tilfeldig) møte med kunstnaren Dag Thoresen og eit besøk til galleri Pushwagner. Oppstart med prosjektet som skal jobbast vidare med i Heidal.

IMG_1573.JPG
IMG_1554.JPG

Ein guida rundtur på Haustutstillinga. Sterke møte med kunst som speglar samtida!

IMG_1728.JPG

Vi fekk også tid til shopping, bowling, escape-room og mykje anna i løpet av denne veka! 

Heidal skule, november 2024. Ina Eriksen har med seg fotograf Iver Ambrosius Julius Bjørhusdal-Eriksen. 

Atelieret blir fotostudio og mørkerom er installert i kjellaren. Prøver med portrett, iscenesett fotografi, teikning og måling med utgangspunkt i foto. 

IMG_1918.JPG
483026219_1054482836711725_6039082715366462672_n.jpg

Mars 2025. Ina Eriksen har med musikar Celio De Carvalhlo. Denne veka jobbar dei med lyd og vibrasjon, forteljing, dans, teikning, akvarell. Veka blir avslutta med eit triveleg hundegardsbesøk på Jotunheimen huskylodge!

IMG_2365.JPG
IMG_2460.JPG
Stills 2 dans.jpg
IMG_2688_edited.jpg
IMG_2674.CR2
IMG_2652.JPG
IMG_2715.JPG

Mai 2025.

Ina Eriksen og elevane fortset arbeidet med elementa - i form av landart, akvarell, teikning, forteljing og tango! Dagane startar med avslapning og "body scanning".

IMG_3365.JPG
IMG_3378.jpg

Oktober 2025. ​

Nest siste veka med Ina. Denne gongen har ho med oppgåver frå andre kunstnarar.

​​​​

IMG_3943.JPG

Forfattar Øyvind Berg: "La skolenavnet spinne! Lag eit anagram. "Stokk om på bokstavane i Heidal skule og lag nye ord!​​​​​​

IMG_4020_edited.jpg
IMG_4036.JPG
IMG_4022.JPG
IMG_4023.JPG

Biletkunstnar Vibeke Sjøvoll:"Mulighetsvev".​​​​​​​​​ Først: lag eit fat eller ei seng av tråd som skal bære eit eple. Så: lag ein labyrint av tråd i rommet.

IMG_4115.JPG
IMG_4094.JPG
IMG_4189.JPG
IMG_4158.JPG

Tekstilkunstnar Kristine Fornes: «RØDLISTA».

Finn din Rødliste! Hva er din rødliste? Hva er du redd for at skal forsvinne? Hva vil du ta vare på? Hva må ikke gå tapt?​​

Lag en eske av akvarellpapir, et tykt ruglete og levende ark, med litt dype vegger, sånn at man må titte oppi for å kunne se bunnen. Hvis du finner noe som er rødlistet for deg, da kan du skrive det på en lapp, tegne det og klippe det ut, eller kanskje det til og med får plass i esken. Still alle eskene opp ved siden av hverandre.

(Foto: Elevane hadde ei samtale med Kristine på facetime om det dei har lagt i sin boks).

IMG_4286.JPG

Ellers: planlegging av aktivitetar og utstilling neste gong Ina kjem. Tango, samtaler, akvarellmaling og så - bestemt at vi skal strikke det raudlista bondeturkla frå Heidal!

image.png

Siste veka med Ina!

Ferdigstilling av arbeid og planlegging av utstilling. Brenning av "søppelboka".

Planlegge og gjennomføre workshop for barneskulen og mellomtrinnet. Ina har tangokurs for ungdomsskulelevane!

IMG_4508.JPG
Tango 2_edited.jpg

"Eit plutseleg vindkast, og hugs du er fri". Utstilling på skulen fredag 31. oktober 2025.

et plutselig vindkast_edited.png

Foto: Iver Bjørhusdal Eriksen

"Søppelboka". 

oppgave_edited.jpg

"Moglegheitsvev". Ei oppgåve fra Vibeke Sjøvoll

bondturkla_edited.jpg

Prosjekt: Vi skal bruke 3 år på å strikke "Bondeturkla frå Heidal".

IMG_5022_edited.jpg

"Raudlista". Ei oppgåve frå Kristine Fornes: Sy ein boks og fyll den med noko du er redd for å miste.

husky 2 ina_edited.jpg

"Jotunheimen Huskylodge".

Akvarellar av Ina Eriksen.

Akvarell 1.jpg
IMG_5269_edited_edited_edited.jpg

Akvarellar og teikningar. Elevarbeid. Nokre av tema gjennom året har vore elementa, teknikk og rytme. Lydverket "Girls from Heidal" fekk elevane i gave av musikar Celio De Carvahlo.

IMG_4931.JPG
IMG_5021_edited_edited.jpg

"Vårt ærlege ansikt". Gipsmasker og foto. "Moglegheitsvev" i rommet.  "La skulenavnet spinne" - ei anagramoppgåve frå forfattar Øyvind Berg, Eit bord med svarthvitt foto fra prosjektet med Iver Bjørhusdal Eriksen

IMG_5060.JPG

Heile skulen var invitert på vernissage. Boller og brus til alle og elevane i 8.klasse fekk kvar sin blome av trivelege 10.klassingar. Takk!

IMG_5139_edited.jpg

Utstillinga var avslutta med ein improvisert konsert med Celio De Carvahlo, Pål Svindland, Erlend Svindland og Ole Johnny Bekkemellem. Barbora filmar!

IMG_5270_edited.png
bottom of page