top of page
still lilleh filming.jpg

Sideprosjekt.

Dokumentarfilm, intervju og anna materiale relatert til prosjektet. 

Sidene blir oppdatert. 

September 2023

Juni 2023.

  • Anna Sigmond Gudmundsdottir inviterte 5.klasse til ei vekes residencyopphald på Harpefoss Hotell, for å jobbe med kunst og for å lage ei danseforetilling saman med perfomancekunstnar og dansar Lone Eivindsdottir.  9.klassing Vår Tellefsen var med oss denne veka og her er hennar presentasjon av kva vi gjorde og kven som var med.

Desember 2022.

  • Ny kunstnar Anna Sigmond Gudmundsdottir. Regissør Merethe Offerdal Tveit og fotograf Barbora Holland dokumenterer arbeidet på atleieret.

IMG_7632.JPG

Haust 2022.

  • Endeleg har arbeida til Gisle Harr vorte installert i fellesområdet på skulen: "Byster av 1.klassingane og Hanne", "Sau" og "Wenche". 

Elevane, Hanne og Wenche sat modell for Gisle medan han var på skulen, og sauehovudet var det fyrste originale kunstverket 1.klassingane fekk halde i handa i 2018.

Heidal skule vil gjennom dei 10 åra som kunstprosjektet varer, få ei stor samling med samtidskunst!

314592356_462222245811830_2881399922036586612_n.jpg
DSC_0023.JPG
314717974_429415536052886_5304228104090060919_n.jpg
DSC_0006_edited_edited.jpg
DSC_0031 kopi.jpg
DSC_0030.JPG
DSC_0029_edited.jpg
DSC_0008.JPG
  • Gisle Harr representert med skulpturen "Wenche" på Høstutstillingen 2022. 

Modell og kunstnar vart intervjua og fekk eit flott oppslag i Fagbladet, som er Fagforbundets tidsskrift. https://issuu.com/fagbladet/docs/fagbladet-2022-09?mode=embed

Skulpturen fekk også flott omtale av Arve Rød i  Kunstavisen 12.september 2022. "Åpent kontorlandskap", en omtale og kritikk av Høstutstillingen 2022:

"....Gisle Harr stiller med ett av årets definitive høydepunkt i den realistiske salongskulpturen av renholdsarbeideren Wenche, som viser oss at den mest treffende politiske kunsten ikke nødvendigvis er den som hever det største banneret. «Hun representerer et lavtlønnsyrke, men samtidig en institusjon i institusjonen [som vi] risikerer å miste når flere og flere tjenester kjøpes utenfra og færre blir fast ansatte», skriver Harr i sin forbilledlig presise og humanistisk poengterte verkbeskrivelse."....

wenche på høsturstillingen.jpg

Vår 2022.

  • KORO har bevilga midler til ein dokumentarfilm om kunstprosjektet. Regissør Merethe Offerdal Tveit er ansvarleg. Fyrste dag med filming var når klassa var på museumsbesøk på Lillehammer Kunstmuseum i mai 2022. Fotograf Barbora Holland.

       Meire informasjon kjem!

still lilleh. filming.jpg
IMG_6839.JPG

Haust 2021.

  • Nokre glimt frå undervegsutstillinga på skulen i oktober. Kjekt å vise fram til dei andre elevane kva klassa har jobba med! 

  • Anna presenterte kunstnarskapet sitt for lærarane på skulen.

Haust 2020.

  • Videodokumentasjon av utstillinga til Gisle Harr og elevane. Utstillinga vart utsett til  hausten 2020. Den vart montert i kantina på skulen, og vi hadde  vernissage for alle elevane (i kohortar) den 13. oktober, med kunstnarane til stades.  Ustillinga var  tilgjengeleg for alle elevane på dagtid og ope for alle to kveldar i veka. 2. klassingane inviterte ordførar i Sel, Eldri Siem, for ei omvisning på utstillinga.Elevane både informerte og dokumenterte.

Vår 2020.  

8.klassingane Jannikce, Mari, Ragnhild og Tiril frå valfag desig/re-design, intervjua 2.klasse om kunstprosjektet. Kva har de laga og korleis er det å jobbe med kunst på skulen?

intervju 1.jpg
intervju 4.jpg
intervju 3.jpg
intervju 2.jpg
  • Våren 2019 intervjua tre 10.klassingar den fyrste kunstnaren i prosjektet, Gisle Harr, og stilte spørsmåla: Kva er kunst? Kven er du, og kva gjer ein kunstnar? Kva tenkjer du om dette prosjektet, og kva trur du 10 år på Heidal skule vil gjere med denne klassa?

DSC_0013.JPG

Norah, Selma og Kristoffer frå 10. klasse  

intervjuar Gisle Harr våren 2019.

S2020001_edited.jpg
bottom of page