top of page

10 KUNSTNARAR - EI SKULEKLASSE

Heidal skule

EIT KUNSTPROSJEKT PÅ HEIDAL SKULE 2018 - 2028

  • 10 år på Heidal skule er eit unikt kunstprosjekt, der 10 forskjellige kunstnarar følgjer ei skuleklasse i periodar gjennom alle ti åra i grunnskulen.

  • Kunstnarane arbeider med eigne prosjekt og involverer klassa i arbeidet.

  • Elevar og lærarar får ei unik erfaring med kunst, og kunstnarane får anledning til å arbeide og realisere verk i denne konteksten.

​​

  • Heidal skule har 124 elevar, og er ein grunnskule i Sel kommune. 9 elevar byrja i 1.klasse hausten 2018.

IMG_1573.JPG

Dette er eit kunstprosjekt som gir ei gruppe elevar nærkontakt med kunstnariske prosessar. Ein skule som ser potensialet i møte mellom kunstnar og utdanning, og 10 forskjellige kunstnarar som tenkjer at dette er eit interessant felt å arbeide i.

Kunstnarane er til stades på skulen tre veker kvart semester, i eit halvt til to år. Dei arbeider med eigne prosjekt samtidig som dei involverer elevane og lærarane i arbeidet sitt. 

 

Det lange tidsspennet er sentralt i kunstprosjektet. Elevane vil gå gjennom store endringar i livet sitt og prosjektet vil få endeleg form gjennom desse ti åra.

Prosjektets langvarige karakter gjer at lista over kunstnarar blir klar etter kvart.

 

Kunstnarane som blir inviterte er alle aktive på den norske samtidskunstscena. Dei representerer forskjellige innfallsvinklar til det å arbeide med kunst. Kunstnarane må kunne gle seg over og dra nytte av å involvere barn og unge i sine arbeidsprosessar, og la denne konteksten - skulen og bygda - få plass i arbeida sine.

Etter kvart kunstnaropphald vil skulen kjøpe verk, og til slutt få ei stor samling med samtidskunst.

Kulturtanken ved forskingsavdelinga skal stå ansvarleg for følgeforsking på prosjektet undervegs, med tanke på kva slags betydning eit slikt prosjekt kan ha for elevane, for skulen og for bygda Heidal. 

Heidal skule legg til rette for arbeidet ved å setje av tid på timeplanen og å ha gode arbeidsrom. Prosjektleiaren har ansvar for all praktisk tilrettelegging og dokumentasjon.

10 år på Heidal skule er  støtta økonomisk av KORO, Sparebankstiftelsen, Kulturrådet og Oppland fylkeskommune.

 Prosjektet er pr. 1. januar 2021 ikkje fullfinansiert, slik at det blir søkt om ytterlegare middel undervegs.

 

Kunstnarane får oppgjør etter gjeldande satsar, får dekka alle utgifter og blir tatt godt vare på medan dei er på arbeid i ei levande bygd.

20200207_110929.jpg

Nettsida vert oppdatert kontinuerlig.

bottom of page