
Gisle Harr: Sofie

"Sinclairs landgang i Romsdalen". Original: A. Tidemand og M. Müller. 1879. Kopi: Eivind Engebretsen. Ca.1916.
Biletet har hengt i auditoriet på Heidal skule nokre år no. Før hang det på kommunehuset.
Biletet viser ei scene frå dei skotske leigesoldatane sin landgang i Romsdalen i 1612. Dei er på veg til Sverige for å hjelpe den svenske
kongen i Kalmarkrigen. Ruta går via Gudbrandsdalen.
Ved Kringen i Sel kommune møter dei motstand av lokale
bønder og svært mange skottar vart drepne.
Det er bygd ein mytologi rundt denne historia, om lokal
motstand og heltemot. Eit narrativ som tener kva?
Prosjektleiar Kjersti Myrehagen har invitert konservator
Dagheid Berg frå Norsk institutt for kulturminneforsking
(NIKU) til å restaurere delar av bildet saman med elevane.
Kva kan arbeidet med bildet fortelje oss om korleis kunst
blir laga, brukt, behandla og verdsett?
Vil bildet få ei ny forteljing når elevane ser inn i bildet
og reinskar av gamal ferniss og skitt?



Fyrst litt kontekst og arbeid med nokre spørsmål knytt til måleriet:
Kva ser vi? Kva er historia bak originalen og kva kan vi finn ut om kopien? Når er biletet laga og av kven? Korleis har dette bilete vorte behandla og brukt?
Dagheid Berg fortel om arbeidet sitt som målerikonservator og korleis ein går fram for å vurdere bilete og kva ein kan gjere for å rense overflata.
Vi har fått ein høgoppløyseleg foto av originalen frå Nasjonalmuseet, biletet vårt blir fotgrafert med UV-ljos og her kan ein sjå at måleriet er svært skittent, vorte delvis reinska, litt overmåla og vaska.



Dagheid instruerar. Biletet blir først forsiktig reinska med ei saltoppløysing og så vaska over med vatn.


Medan nokre jobba på måleriet arbeidde andre med å kopiere utsnitt og detaljar frå biletet. Ei øving i å måle med olje på lerret, ei øving i å sjå og tolke og å finne teknikkar for å få til struktur og uttrykk.
















Vi hadde ein diskusjon: kva skal vi konservere? Heile? Eller delar av
biletet? Dette er det vi rakk å gjere.
Biletet frå ca. 1916 har fått eit nytt uttrykk i 2026. Rapport frå NIKU kjem!
Biletet skal opp på veggen igjen, og saman med elevarbeida blir dette
ein ny kunstinstallasjon på Heidal skule.




