Sofie.jpg

Gisle Harr: Sofie

Kunstnarar

 

I løpet av 2018 - 2028  vil 10 forskjellige biletkunstnarar arbeide på Heidal skule.

Dei som blir inviterte har stor kunstnarisk erfaring, og er alle aktive på den norske samtidskunstscena. 

 

Sidan prosjektet går over 10 år, blir det avgjort undervegs kven som skal delta. Valet av kunstnarar vil blant anna vere påverka av kor gamle elevane er og, kva slags retning prosjektet tek.

Kunstnarane vel sjølve korleis- og kva dei vil arbeide med i periodane dei er på skulen, berre dei involverer elevane og lærarane  i arbeidet sitt.

 

Kvart kunstnaropphald blir avslutta med ei utstilling, og kunstnarane vil etterlate seg spor og verk frå opphaldet. 

Slik vil Heidal skule få ei samling med samtidskunst som reflekterer prosjektet og kunstnarane sitt nærvær på skulen og Heidal.

Heimesida og liste over kunstnarar blir oppdatert etter kvart.

Gisle Harr:  Turist

Gisle Harr vil i perioda han er på Heidal skule fortsetje sitt arbeid med iscenesett skulptur og måleri. 

Han målar bilete frå skulen og bygda, bruker elevane som modellar og lar dei får følgje arbeidet hans i atelieret.

 

Han har valt å gje elevane kunnskap om grunnleggjande modellerings- og teikneteknikkar, og saman med klassa vekslar han mellom å teikne på klasserommet og å modellere på kunst- og handverkssalen. 

Gisle Harr er ein dyktig pedagog, og meistringsnivået er høgt. Elevane har laga dyreskulpturar, byster og ein ledda skulptur av "nokon dei er glad i" og er no i gang med scenografien til desse skulpturane.  


Han arbeider i prinsippet på same måte som han ville ha gjort om han stod heime i sitt eige atelier, og gjev uttrykk for at dette er ein givande kontekst å arbeide i; elevane gir mykje attende til Gisle sitt kunstnariske prosjekt.

Gisle Harr sitt opphald blir avslutta med ei utstilling på skulen 13.oktober til 6. november 2020.  Her vil vi sjå skulpturar og måleri han har laga i løpet av dei ni vekene han har budd i Heidal og jobba på Heidal skule.  Elevane sine arbeid med teikning og skulptur vil bli vist saman med Gisle Harr sine verk.

 «Utstillingen består hovedsakelig av portrettskulpturer og malerier av hverdagsmotiver og landskap fra mine besøk i Heidal i perioden 2019-20. Jeg har tatt utgangspunkt i miljøet på Heidal skule og brukt elever, lærere og ansatte som modeller. I tillegg har jeg hentet motiver fra de stedene jeg har bodd under oppholdene i Heidal; Bakketun og Søre Harildstad.  

Skulpturportrettene; byster og skulpturer i helfigur, er modellert i leire, siden støpt i gips og i noen tilfelle malt polykrome med akrylfarger.

Maleriene er studier i akryl og akvarell. De vises som egne verk men også som kulisser for enkeltskulpturer.

I tillegg viser jeg dagboknotater i form av tekst, tegning og foto, samt en tredimensjonal modell.

Elevene viser skulpturarbeider og tegninger vi jobbet med i løpet av perioden.»

Enkeltverk av kunstnaren blir innkjøpt som fast installasjon/utsmykking på skulen.

Utstillinga er open i skuletida for elevane og open for alle andre tysdagar og torsdagar 17.00 til 19.00.

Bilete fra utstillingåpninga. Heile skulen var invitert til å sjå utstillinga til Gisle og elevane i 3. klasse.

Fyrste kunstnar ut er Gisle Harr  som følgjer klassa gjennom 1. og 2. klasse.

Gisle Harr arbeider med skulptur og måleri på ein dokumentaristisk måte. Han tolkar menneska og samfunnet rundt seg, og tematiserer rollene og forma som møtet mellom desse tek. 

  • 2020 - 2021: Anna Daniell

 

Kunstnaren som følgjer elevane gjennom 3. klasse frå hausten 2020 er Anna Daniell.

Daniell arbeider med skulptur, performance, film og tekst. 

Anna sekk.jpg

Anna Daniell: Fjell og sekk. 2013

Anna Daniell vil under sitt opphald på Heidal skule fortsetje sitt arbeid med skulptur. Ho har fått donert objekt frå lokalt næringsliv og forskjellige lokallag, og brukt ein dag ute med elevane for å hente desse tinga som kvar på sin måte fortel ei historie om Heidal. Desse objekta skal elevane bruke i sitt vidare arbeid med skulptur.

Prosjektet har fått arbeidstittelen "Ein skulptur til og frå Heidal".  

 

Så kva er ein skulptur? Og kor bur skulpturane? 

Eksperimentering og øvingar med form  og storleik på atelieret og verkstaden.

  • 2021 - 2028: Diverse kunstnarar

 

Enno ikkje bestemt. 

 

Lista blir oppdatert etterkvart.